Frk. K sitt tekstlaboratorium

Dette er ikkje ein tema-blogg eller ein rosa-blogg, men det ein blogg der det blir eksperimentert med tekst og tanke. Kan hende det eksploderer. Kan hende det berre boblar og luktar godt. Kan hende det vert ei grøn gugge. Kan hende du kan lika det.

fredag, februar 10, 2012

Døropning

Ein hyggeleg kar heldt oppe døra for meg. Eg ville vera hyggeleg attende og heldt oppe neste dør for han. Til mi overrasking såg han litt skuffa ut, men han lo og sa , "ja, me har jo likestilling", eller noko i den duren.

Fyrst tenkte eg: Det var dumt av meg å halda oppe den døra. Eg hindra at han fekk sjå seg sjølv som ein galant mann.

Men no tenkjer eg: Kvinner har også rett til å vera hyggelege. Eller ein sterkare påstand: Hyggelegheita er ukjønna.

søndag, januar 22, 2012

Con forma

Eg spurde kjærasten min om han ville gifta seg med meg.

Han rista på hovudet, såg på meg med triste auge og sa:

Me kan spara oss det bryet, ingen ville tru oss uansett.

Kvifor skulle elles to sånne som oss gifta oss, om

det ikkje var pro forma?

Kva ville dei seia, når dei såg at du var tre år yngre enn meg, eg ville verta ein gamalt gris på jakt etter nokon eg kunne utnytta,

og blant dei tusenvis av papirlause rogalendingane i byen,

kunne eg då velja fritt, for kva ville ho vel ikkje vera villig til å ofra for å få tak i dette papiret, for å bli lovleg og synleg, for å verta fullverdig menneske,

for å sleppa å leva eit skuggeliv i eit "kollektiv" med fast jobb på ein "lesesal" der du vert grå i andletet. Sjå på deg, du kom hit med ei von om eit betre liv, om å få dei same moglegheitane som oss, du har til og med kjøpt deg smøreski som du flaksar rundt på i marka for å bli innlemma i den storslåtte austlendigheita, for å sleppa valet mellom å bli torvskjærar, musikar, roughneck eller skodespelar, dei fire tradisjonelle levevegane som finst i heimlandet ditt.

Men no freistar eg redda deg, det kan eg ikkje, landsmålet veks i munnen min, det er du som må befri meg kjære! fra min rolle som portvokter, jeg vil ikke stemples som en stempler, for det er ikke bare den som har fått sin menneskelighet frarøvet seg som er undertrykt, men også den som røver den, og det forpurrer vår felles mulighet til å bli –

mer menneskelige.

torsdag, desember 22, 2011

Eg les dikt om å mista ein som ein elskar. Emosjonell tørrtrening, fin ferieaktivitet, gjera seg feit på menneskeleg erfaring.

Dei siste timane har eg dradd pologenserhalsen utover, genseren er blitt ganske vid no, men det kjennest framleis ut som om halsen min er for trong. Kan hende det har å gjera med treet som eg nett kledde på i stova, eller med alle sitrusfruktene eg et, eller med dette at eg tenkjer på døden.

Døden. Punktum.
I det minst når det gjeld dei andre.
Dei forsvinn. Punktum. Og så kjem sorga med alle prikkane etterpå. Smerta eg ikkje orkar å førestilla meg.

Når det gjeld meg sjølv, er døden
Det siste spørjeteiknet. Det er ikkje vits å gå rundt å grua seg, for det kan like gjerne vera greitt som ugreitt å døy.

Det er balansekunst å tenkja på døden. Eg prøver å tenkja akkurat så mykje på han at han blir til imperativet: Elsk medan du kan!

Tenkjer ein meir på døden enn dette, vert resultatet mindre konstruktivt. Mareritt om at nære slektningar døyr, til dømes. Eller ukontrollerbar aggresjon når kjærasten tenner ein røyk.

Diktsamlinga som utløyste tankane: "Hjartemekanikk" av Kristina Leganger Iversen.

onsdag, desember 14, 2011

Optimalt middel

Om me verkeleg meinte det me sa om at mennesket ikkje skal vera eit middel, men at mennesket er eit mål i seg sjølv,

korleis kan me då, (ja, her er det snakk om oss, dersom demokratiet då framleis fungerer,)

gå inn for å utrydda menneske med kromosonavvik før dei blir fødde? Om me bestemmer oss for at det er slik me (ressurssterke menneske) vil ha det, så viser me for all verda at me ser på kvarandre som middel, du og eg er effektive reiskap som held hjula i gang, og slik er det best om alle andre også er.

Logikken som ligg bak denne avgjerda, trur eg må vera som følgjer, sjølv om teknokratane og samfunnsøkonomane aldri vil vedkjenna seg dette: Dersom me slepp å bruka nkr på å halda liv i kromosonavvikande individ som ikkje kan gjera nytte for seg, kan me gjera samfunnet meir velfungerande, me kan bruka fleire nkr på vegutbygging (utført av folk utan kromosonavvik) og eldreomsorg (også utført av og for folk utan kromosonavvik) eller kanskje me til og med kan spandera på oss eit lyntog frå Oslo til Stavanger (som er fullt av hardtarbeidande pendlarar utan kromosonavvik).

For å trekka dette ned på eit nivå der folk ikkje kan skulda meg for å fremma groteske vrangførestillingar, vil eg visa til eit sitat frå helseminister Strøm-Erichsen. Ho seier følgjande til VL 14. des.: "Vi kan ikke stikke hodet i sanden og late som om tidlig ultralyd ikke finnes. Det er en realitet, og da er spørsmålet om det ikke skal være et trygt tilbud for alle som ønsker det."

Kan eg då få lov til å argumentera på følgjande vis? "Me kan ikkje stikka hovudet i sanden og lata som om små kamera som ein overvaka ektefellen sin med, ikkje eksisterer. Det er ein realitet, og då er spørsmålet om det ikkje skal vera eit trygt tilbod til alle som ønsker det."

Denne sjuke, sjuke trongen til kontroll over liv og død (er det ikkje merkeleg at folk framleis døyr, så flinke som me er blitt?). Denne perverterte måten å argumentera på: Me har midla til å ta kontroll, kvifor skulle me då ikkje gjera det, slik at alle mødre og fedre får lov til å vita om barnet deira er eit barn dei vil ha, eller om det er eit barn som ser ut til å møta meir smerte og større vanskar i livet sitt enn andre barn, og som det dermed vil vera meir humant å ta livet av før det veit at det lever.

Å ta slike val medan samfunnsøkonomar kikkar deg over skuldra, og coachen din kviskrar at du må tenkja på deg sjølv og ditt yrkesmessige, framleis urealiserte potensiale, er eit val ingen foreldre burde bli stilt overfor. Dette er umenneskeleg. Dette er talen til systemet, der mennesket er middel, ikkje mål.

onsdag, november 30, 2011

Glade barnebarn


Morgenbladet 25.nov., s. 12-13:

Eit intervju med Anthony Giddens som "er blant verdens fremste sosiologer" og som i det siste er "blitt stadig mer miljøengasjert."

Giddens seier mellom anna:

"18 år med intensive klimaforhandlinger i FN-regi har knapt hatt noen effekt, utslippene av drivhusgasser øker voldsomt. Det virker som om forhandlingene følger en slags indre logikk, løsrevet fra den faktiske utviklingen."

"Den globale oppvarmingen kan bli irreversibel. Når den har nådd et visst punkt, er det for sent å handle. Dette punktet nærmer seg raskt."

"Det er problematisk at Norge ønsker å fremstå som en klimavenn samtidig som dere produserer så mye olje og gass."

Morgenbladet spør: "Men Norges økte satsing på fossile energikilder underminerer vel andre lands satsing på fornybar energi, ettersom vi bidrar til å holde prisene på fossile brennstoff nede? Giddens svarar: "Jeg er ikke uenig i det."

På same dei same sidene har Morgenbladet plassert ein reklame frå Statoil. Det er bilete av eit ope hav med ein liten oljeplattform som ser ut til å sveva i dei grå skyene. Statoil skriv:

"De nye store oljefunnene [dette ordet er skrive med rosa] vil glede mange. Ikke minst våre barnebarn."

Statoil skriv meir, og kort oppsummert forklarer dei kva som er årsaka til gleda: Framtidige nordmenn får nemleg halvanna stadsbudsjett i fanget.

Om eg var Statoil, ville dette ha vore siste gongen eg annonserte i Morgenbladet. Makan til frekk plassering av den fine omdøme-byggande annonsen! Utakknemlege fjols!

Ja, eg ser for meg dei glitrande auga til barnebarna våre når dei innser at alt er forandra fordi bestefar og bestemor var så flinke til å finna og til å bruka fossile brensel.

(Irreversible endringar. Ordet går inn og ordet går ut att av hovudet.)

(Diagnose: Sterkt avhengig av svart væske. Dette medfører vrangførestillingar og fastlåste handlingsmønster.)

mandag, november 28, 2011

Kva er det dei seier?

Om nokon fortel deg noko, gjennom tekst eller tale,

Gjer du lurt i å tenkja gjennom følgjande:
Gjer dei dette fordi dei vil fortelja deg noko som er nærast mogleg sanninga om verda, fortel deg dei dette fordi dei vil deg og samfunnet alt det beste,

Eller seier dei det for å nå sitt eige mål? (til dømes meir makt, meir pengar, høgare status, betre omdøme, fleire kundar)

Dersom du kjem til at det siste alternativet er mest nærliggande, dersom du finn at den som seier noko, gjer alt vedkomande kan for å tilpassa røynda slik at han sjølv kjem i eit best mogleg lys,

Då bør du gjera alt du kan for å finna utfyllande informasjon om saka, du bør søka kjelder som du trur kanskje kan snakka ut frå anna enn eigeninteresse, kan hende du då kan få høyra noko som ligg nærare sanninga.

For dei som søker sine eigne mål gjennom det dei seier, dei gjev deg ikkje noko du som tenkjande vesen burde godta. Til sjuande og sist er det sanninga som gagnar deg og samfunnet mest, for dersom ein godtek at ein sjølv handlar ut frå det som ikkje er sant, dersom ein godtek at samfunnet ikkje vågar å sjå sanninga i auga, då byggjer ein huset sitt på sandgrunn, ein lagar ei symbolsk røynd som ikkje er tilstrekkeleg festa i den objektive røynda, noko som neppe vil stå seg når den verkelege flaumen ein dag kjem.

Om du då ikkje er av dei som liker å godta alt som blir sagt fordi det er mest komfortabelt å ikkje stilla spørsmål.

fredag, november 25, 2011

Journalistforakt

Etter eit semester med faget "politisk retorikk" er er eg i ferd med å bli pessimist på vegne av demokratiet si utvikling. Førre forelesing var ved  Eirik Vatnøy frå tankesmia Civita. Han har studert valkampsendingane til NRK som vart sende ved valet i 2009, og pamfletten han gav ut i det høvet, finn du her. Vatnøy peikar på tre aspekt som han stiller seg sterkt kritisk til.

Det fyrste er at politikarane får kort taletid. Journalisten bryt stadig inn med oppfølgings- og omformuleringsspørsmål, og det vert stilt krav til korte svar. Seier politikaren "ja, men...", følgjer journalisten opp med eit strengt "Ja ELLER nei?". Det er dessutan viktig for journalisten å få fram det som potensielt kan vera konfliktfylt, fordi han meiner at dei gode debattane er dei debattane som har høg temperatur. Kor lett er det å fremma kompliserte resonnement når ein får maksimalt 30 sekund å snakka på? Kor lett er det å forklara politikken sin når journalisten berre vil få deg til å seia at du tek feil, og når han mister heilskapen av syne så snart han ser eit lite punkt som kan skapa usemje? Dette er eit sitat henta frå Sollund si utspørjing av Jensen, idet Sollund avsluttar emnet dei har snakka om: "Vi ville høre om dere innrømmet at dere tok feil, men det var visst ikke så enkelt."

Vatnøy peikar også på at journalistane legg til rette for eit fiendtleg debattklima. Ein stiller negative spørsmål med innbakt kritikk, så politikaren må forsvara seg før han har fått sjansen til å fremma synspunktet sitt på den positive måten han vel skulle ønska.

Det tredje punktet i Vatnøy sin kritikk er at journalistane ser på politikk som eit spel, der ein må kåra vinnarar og taparar av debattane. Dei politiske kommentatorane kan høyrast ut som sportsjournalistar idet dei kommenterer utfallet av debatten. Kva hjelp det veljarane å få høyra dette?: "Jeg synes jeg har sett henne bedre før. Men nå er jo ikke disse utspørringene barnemat heller da.", som politisk kommentar Jacobsen sa i eit intervju av politiske kommentatorar etter ei utspørring av Navarsete. Dette fortel meg ingenting om politikken til Navarsete. Snarare får kommentatoren Navarsete til å sjå ut som ein tapar, utan å ha vist til argumenta hennar. Er det på dette grunnlaget veljarane skal gå til stemmeurnene?

Eg vil høyra kva politikarane seier. Eg vil vita kvifor dei meiner det dei gjer, altså vil eg høyra dei lange og krevjande tankerekkene som må ligga bak avgjerder i kompliserte sakar. Eg bryr meg ikkje om partiet med dette gjer seg etande for andre parti. Eg bryr meg ikkje om politikaren hadde ein dårleg dag og ikkje var like "på" som han burde. Eg bryr meg ikkje om Erna og Siv og Jens eller kven det måtte vera kan vera venar, men eg bryr meg om konsekvensane som dei politiske prosjekta deira vil ha for samfunnet. Eg vil ikkje høyra politikarar tapa og innrømma at dei tek feil. Eg vil høyra politikarar som får rom til å tru på sakene sine og til å fortelja meg kvifor dei trur på det dei gjer. Er det rart ein snakkar om politikarforakt når journalistane tvingar politikarane til å krangla? Er det rart ein ikkje trur dei er kloke når dei berre får seia ei setning av gongen?

Det er flott at journalistane vil passa på folket så ikkje dei tre andre statsmaktene får manipulera oss. Men då må journalistane våga å tru at folk kan tenkja litt sjølv, og at me har større behov for å høyra kva politikarane faktisk seier, enn me har for å høyra kva journalistane meiner at politikarane seier. Det er journalistane me burde forakta, desse som skulle vera objektive og kritiske, men som i plassen har fått det for seg at alt folket vil ha er sirkus og strategisk spel. Eg vil ikkje ha eit show som dreier seg om levevilkåra våre, eg vil at me skal ha høve til å snakka saman og slik koma fram til kva som er best for samfunnet!

Dette engasjerte innlegget mitt er basert ei enkeltståande analyse av ei valdekning. Eg vil ikkje generalisera for mykje over dette, og intensjonen er ikkje å oppmoda til generell journalistforakt. Men når nokre journalistar opptrer som dei gjer, og det i NRK, som utgjer ein av dei absolutt viktigaste kanalane folk har for å få informasjon før vala, då må eg bli sint, då må eg visa at eg ikkje tolererer dette. Politikk er djupt alvor, det dreier seg om dei vanskelege og store spørsmåla som gjeld korleis me best kan leva saman i eit samfunn. Slike spørsmål krev at der er rom for å diskutera dei. Då kan ein ikkje legga opp debatten som om det heile var eit spel med potensielt høg underhaldningsverdi.

fredag, november 11, 2011

Å setta ord på musikken...

er umogleg. Men eg kan i det minste prøva å setta ord på ei musikalsk erfaring eg nett gjorde meg.

Eg skulle på konsert for å høyra på Oslo Filharmonien. Det har eg gjort før, men då har eg diverre vore så sliten i hovudet at det einaste eg klarte å konsentrera meg om, var hostinga, kviskringa og knitringa i salen. Dette var eg fast bestemt på å unngå denne gongen, så eg gjekk tidleg frå universitetet, kvilte meg, og drakk kaffi før eg gjekk.

Å sjå på eit orkester er å sjå noko vedunderleg som skjer og skjer. Dei stolte musikarane med sine ranke haldningar og elegante instrument vel å gjeva kontrollen over si eiga perfeksjonistiske musikalske utøving til dirigenten. Dei underlegg seg viljen hans, dei gjer seg sjølve til små brikker, dei gjer seg sjølve nesten usynlege, berre for at dei saman skal kunna gjeva menneska noko som er langt vakrare enn det éin musikar maktar aleine.

Kan henda er musikken det vakraste menneska kan laga. Til alt hell kan ein ikkje fullt ut forklara effekten han har på oss, og me finn ikkje svaret på kvifor han kan ta oss bort frå kvardagen og løfta oss oppover i sfærane slik at me kjem nærare det store, ordlause mysteriet.

Det var stykket av Rachmaninov eg gledde meg mest til. Det storslåtte og dramatiske, det mørke og drøymande ved musikken hans slår aldri feil. Det gjorde det heller ikkje denne gongen. Men stykket som var kveldens finale, hadde eg mindre forventingar til, mest fordi eg tidlegare berre har høyrt det som bakgrunnsmusikk på den miserable cd-spelaren min. Dumme meg.

Under konserten såg eg ofte på mannen som spelte på paukar. Han var plassert bak orkesteret, og såg ut som ein konge i ei borg. Han la stadig la hovudet sitt ned på paukane. Det såg ut som den reine galskap, men det hadde vel noko med stemming å gjera. Kan nokon forklara fenomenet for meg?

Gongongen fanga også merksemda mi. Denne gigantiske metallplata hadde dei drassa med seg inn i salen, berre for at gongongisten skulle slå eitt slag i det siste stykket. Men dette utgjer prikken over i-en, og når gongonen har talt, er alt sagt. Så det er klart det er verdt alt bryet.

Det siste stykket var Ravel sin Bolero. Skarptromma sitt glansnummer. Han startar det heile og blir verande som ein raud, tørr, tynn tråd gjennom heile stykket. Når alt anna veks, er skarptromma konstant. Da-dadadadada-dada, da-dadadadada-dada, da dadadadadadadadadada dada. Eg skjønar ikkje at ikkje krampa tok han.

Eit av dei varaste blåseinstrumenta er det fyrste som legg seg oppå tromminga. Temaet vert introdusert, og så kjenner ein stykket, for det er dette som blir gjenteke oppatt og oppatt med visse variasjonar. Etterkvart tek dei grovare treblåsarane over, før dei store messingane kjem inn, og til slutt er heile orkesteret med, strykarane legg på meir og meir kraft når dei stryk bogen over strengene, det veks og veks og veks, rytmen og tonane er forførande, svaiande som hoftene til ei magedansarinne, men stadig veksande, som livskrafta som sprenger seg veg gjennom ein mur av uro og jordbundne tankar, som begjæret, det er ingen veg attende no, musikarane må nå klimakset, ein veit det kjem, men det er framleis uforløyst, ein blir driven vidare, stadig meir kraft i lunger og armar som bles og løftar musikken oppover,

og så skjer det, alle instrumenta er instenst tilstades i noko altomfattande,  no, og berre no,

no er det over, men temaet har sett avtrykk i hovuda våre, me jublar og klappar og forlet salen, me trur me forlet musikken, men Boleroen er framleis i oss, han er i meg då eg legg meg og då eg vaknar neste morgon,

ja, sjå det var ei musikalsk erfaring eg ikkje ville ha vore forutan.

(då meg gjekk rundt i foajeen i pausen, sa venninnna mi: "kor mange kjem det til å vera att av publikummet på klassiske konsertar når me vert eldre?" denne teksten er eit forsøk på å få fleire unge menneske til å oppsøka klassisk musikk. eg kunne også ha nemnt opplevinga eg hadde då eg var omringa av eit kor med over hundre deltakarar i universitetet sin aula, eg kunne ha prøvd å tella kor mange gonger eg fekk gåsehud den kvelden, men ein må gjera nokre prioriteringar her livet.)

fredag, november 04, 2011

Klage til systemet

Eg er studentrepresentant i insituttstyret ved Institutt for nordiske og lingvistiske studium (ILN). I eit av sakspapira til førre møte, kunne eg lesa følgjande (mine uthevinger):


"Instituttstyret vedtok i 2010 en handlingsplan for å bedre instituttets økonomiske situasjon. I henhold til denne har det blitt strammet inn på valgfriheten i studietilbudene ved å redusere antall undervisningsemner til et minimum. Det arbeides med studiekvaliteten for å få flere studenter gjennom på normert tid og redusere frafallsprosenten, i tillegg til målrettede tiltak for å øke studentrekrutteringen.


Antall timer undervisning som gis pr. emne og evalueringsformer har også blitt gjennomgått og redusert. Disse tiltakene vil redusere behovet for timelærere og derigjennom kostnadene. Samtidig har tiltakene som siktemål å få opp gjennomføringshastighet og redusere frafall hos studentene som følge av mer strømlinjeformete studietilbud. Tiltakene vil på sikt bidra til å frigjøre ressurser som kan brukes på andre inntektsgivende aktiviteter (salg av tid til eksterne forskningsprosjekter, mer tid til forskning etc.) "


Som studentrepresentant kan eg ikkje seia meg nøgd med dette. Men eg trur ikkje det er rett å retta misnøya mot ILN, og difor sa eg heller ingenting om dette på møtet. Instituttet går med økonomisk underskot, og ingen av andleta på instittstyretmøtet ser ut til å gjera desse prioriteringane med glede.


Om eg forstår det rett, er det primært to ting eit fattig institutt kan gjera for å få bukt med pengeproblema. Det eine er å få flest mogleg studentar til å fullføra på normert tid, det andre å få dei vitskapleg tilsette til å driva forsking knytt til eksterne aktørar.


Her er eit system som tvingar instituttet til å "frigjera ressursar" som opphavleg var gjevne til studentane. Dei vitskapleg tilsette kan ikkje sløsa bort tida på undervisning, dei må ut i verda og tena pengar. Det er absurd å argumentera for at færre undervisningstimar, emne og evalueringsformer kjem til å forhindra fråfall og treig progresjon blant studentane. Studentane treng mykje undervisning for å koma i mål med gradane sine.
 
Korleis går samarbeidet mellom forskarar og eksterne aktørar føre seg? Dette veit eg lite om, men eg fryktar at den akademiske fridomen er truga av at dei vitskapleg tilsette er avhengige av ekstern støtte. Eg synest det høyrest ut som eit risikabelt prosjekt å legga utforskinga av språket, litteraturen og historia vår i hender som ikkje lev i denne fridomen.


ILN sine fagfelt høyrer til i kategorien humanstisk forsking. For dei som liker å tenkja på nytte og målbare resultat, har me ein god del å tilby. Og eg har ei kjensle av at det er slik dei eksterne aktørane liker. Men når det gjeld humaniora, må ein ha to tankar i hovudet på same tid, for humaniora er meir enn nytte. Humamiora utforskar kulturen vår, ikkje fordi me dette er noko ein kan tena seg rik på, men fordi menneska treng å kjenna seg sjølve. Menneska kan ikkje ta seg råd til vera uvitande om sin eigen kultur. Me kan ikkje risikera å redusera den akademiske fridomen så mykje at denne utforskinga stansar opp.


Kvar skal eg så gå med klagen min over tilstanden til tinga? Eg trur eg må velja meg sjølve systemet som syndebukk. Systemet er ein vanskeleg diskusjonspartnar, og sjansen er stor for at eg vert ståande att med eit etos som seier at eg er ein idealistisk og litt naiv student. Men nokon må ta på seg oppgåva det er å fremma ideala, for elles gløymer folk at dei eksisterer, og at dei er moglege å strekka seg etter. Kven gjer det betre enn studenten som framleis ikkje er inflitrert i systemet?

søndag, september 25, 2011

Helgenatt

Dei gule stengene på trikken, dei ein held seg fast i om ein må stå, eller om det krengar når ein har reist seg for å gå til utgangen, dei skiftar farge i nattelyset.

Ei kvinne lener seg på skuldra til ein mann, ein kan sjå dei i trikkevindauga om ein held seg for god for å sjå direkte på dei, ho kviskrar og ler og stryk han over kinnet før ho let handa si kvila på låret hans.

Det er laurdagskveldens magi, kjenslene blir vrengde frå utside til innside så ein kan sjå at alle som er venar er dobbelt så glade i kvarandre som det såg ut til i dagslyset, og alle som er kjærastar viser omverda det nakne begjæret sitt, den nakne omsorga, kor mjuke leppene deira er når dei møtast. Den som sit på trikken og betraktar refleksjonen i ei mørk vindaugsrute, smiler, for menneska er så gode mot kvarandre, så inderleg intersserte.


Vindaugsruta løyser seg opp, blikket blir eitt med utanomverda, 

På fortauet går ein med lepper som mumlar ”nei, nei”, med auge som borar seg inn i hans eiga sjel, pupillane drikk mørker, beina går fastare og fortare enn det som er naturleg, for han strever med å skjula vaklinga si for dei han nett har forlate, dei som framleis sit på puben med fulle glas, dei som ikkje høyrde kva det var han eigentleg sa, dei berre lo, for det var jo latteren dei var komne for, dei gjekk ut for å finna fridomen, og då han hoppa uti det frigjerande gylne havet saman med dei, fann han at fangenskap var betre, for den frie væska gjorde dei tome molekyla til boblar i hjarteblodet, nei, nei, han treng kvardagslekkjene sine, asfalten er vegen heim til senga, heim til svevnen,

Trikken har passert mannen i ein dam av oransje lyktestolpelys, han blir eit glimt på lik linje med jenta som sjanglar på høge hælar, sjanglar så bestemt ho kan, for å visa guten sin at ho nett i kveld ikkje let han seia til ho at du er jenta mi, for ho såg blikka han sende mot feil ende av bordet,


Ho går forbi mannen med pappkoppen som sjølv meiner at han har sett andlet fortrenga alle kjensler eit menneske kan forsøka å skjula,

Ei kvinne og ein mann stoppar og legg myntar i koppen og håpar at i natt kjem kanskje barnet til dei, kvinna klyp mannen i armen, han legg handa på den runde rumpa hennar,

Trikkepassasjeren trekk til seg blikket, let det kvila på dei gule stolpene, rammene, reisverket, no lyser det raudt over døra, ein reiser seg, trykkar på døropnarknappen, går ut idet andre går inn, går heim, går ut av helgenatta, inn i draumane der ein prøver å få det heile til å henga saman.