Frk. K sitt tekstlaboratorium

Dette er ikkje ein tema-blogg eller ein rosa-blogg, men det ein blogg der det blir eksperimentert med tekst og tanke. Kan hende det eksploderer. Kan hende det berre boblar og luktar godt. Kan hende det vert ei grøn gugge. Kan hende du kan lika det.

fredag, juni 24, 2011

Tolking av ein hypotetisk jobb-annonse

Er du kreativ?
(Har du evna til å seia nett det same som me seier, på ein måte som gjer at fleire vert overbeviste?)

Er du ambisiøs?
(Er det greitt for deg å jobba mykje overtid i plassen for å bruka tid på vener og familie?)

Er du fleksibel?
(Blir du lite nok glad i kollegaene dine til at det ikkje er noko problem for deg at dei stadig vert bytta ut? Er du så lite begeistra for faste rammer at det ikkje gjer deg noko om rammene går i oppløysing annakvar veke?)

Da er du en av oss!
(Då kjem du til å tena store pengar!)

Frk. K er her inspirert av denne kronikken.

1 Comments:

At 9:22 PM, Blogger PerMS said...

ja
ja
ja
nix

 

Legg inn en kommentar

<< Home